Før publikum kjem, skal tusen ting klaffe.
Gjer samlar prøveplanen, folka, salane og turnéen på same stad. Så alle i produksjonen veit kva som skal skje, kven som gjer det og når.

Skjermbilete frå Gjer med fiktive data.
Kjenner du igjen denne?
Klokka er 08.31. Prøva startar 10.00. Og planen ligg i fem ulike innboksar.
Nei, det er ikkje du som er dum. Planen bur berre fem ulike stader.
Gjer gir han éin.
Ein produksjon i tre akter.
Alt de legg inn, heng saman. Prøva på planbordet er den same som står i vekeplanen, på mobilen til frilansaren og i turnéplanen.
Akt I · PlanleggÉin plan. Sjå han frå der du står.
Éin plan. Sjå han frå der du står.
Produsenten vil sjå heile huset. Inspisienten vil sjå veka. Teknikken vil vite kva sal som er ledig klokka tre. I Gjer jobbar alle i den same planen, berre frå den vinkelen som passar dei.

Budsjettet kan bu i produksjonen. Ikkje i eit vedlegg som går tapt.
Kvar produksjon har sitt eige arbeidsrom med dokument, tavle og regneark. Tabellar, formlar og summar rett ved sida av planen, og alle ser same versjon.
Akt II · FolkaAlle er oppdaterte.
Alle er oppdaterte.
Gjer gir deg éin konto og éin kalender for alt, og når planen endrar seg, endrar telefonen seg med han.
Ingen må spørje etter siste versjon. Ingen treng eige abonnement for å vere gjest i produksjonen din.
Kontrakten fyller seg ut. Motparten signerer digitalt.
Lag kontraktmalane dykkar bolk for bolk. Gjer fyller inn det han veit: namn, prosjekt og datoar. Motparten får ei lenkje på e-post, fyller ut kontonummer og adresse sjølv, og signerer. Hen treng ikkje Gjer til det. Og når kontrakten er signert, blir hen automatisk med i prosjektet kontrakten gjeld. For kvifor skal det ikkje funke slik, eigentleg?
Akt III · På turnéTurnéplanen snakkar med prosjektet. Heile vegen.
Turnéplanen snakkar med prosjektet. Heile vegen.
Turnéen er ikkje eit eige dokument på sida av produksjonen. Han er ein del av han: turnédagane styrer perioden i produksjonslinja, så når noko flyttar seg, følgjer resten etter.
- 01 · TURNÉENFramsyninga i Fjordbyen blir flytta ein dag.
- 02 · PROSJEKTETPerioden i produksjonslinja følgjer etter.
- 03 · FOLKACrewet på turnéen ser den nye planen.
- 04 · GÅIngen ringjerunde. Ingen ny versjon å sende ut.
Heile reisa. Dag for dag.
Reiseplanen samlar oppmøte, reise, innrigg, framsyning, nedrigg og overnatting for kvart stopp. Spelestadene hugsar rom, teknikk og erfaringar til neste gong.

Alle husa på turné. Éi oversikt.
Når turnéplanen er laga, set Gjer opp lista over alle husa for teknikarane, med avvik som allereie er registrerte. Du ser kva kvart hus krev, og kan planleggje for alle samtidig. Ingen fil som må sendast. Ingen som må ringje rundt og spørje etter siste versjon.
- TYS. 27. OKT.Fjordbyen kulturhusTeknisk plan klar
- FRE. 30. OKT.Åsheim sceneTeknisk plan klar
- NESTE STOPPLærdal kulturhusTeknisk plan klar
Bak verktøyetKvifor Gjer
Kvifor Gjer
Verktøya vi brukar, formar arbeidet vi gjer.

Eg har vore dagleg leiar og jobba på tvers av prosjekt, frå dei store husa til dei små kompania. Og overalt har eg sett det same.
Dyktige folk som brukar kveldane på å halde lister, e-posttrådar og kalendrar i synk, i staden for å fokusere på opplevingane vi skal gi. Verktøya dei har, er laga for kontor og konsulentar, ikkje for prøvesalen, riggdagen eller turnébussen klokka sju om morgonen. Det har irritert meg lenge at scenekunstfeltet ikkje har hatt betre verktøy.
For verktøy er aldri nøytrale. E-post, Teams, eigne løysingar og PDF-ar som ikkje oppdaterer seg sjølve: når planen ligg spreidd over mange stader, kan folk bli utelatne, og endringar kan kome for seint. Verktøya vi brukar, avgjer kven som veit kva, og dermed korleis vi jobbar saman. Så eg slutta å vente på at nokon andre skulle lage dei, og laga Gjer.
Kristoffer Nicolaysen, grunnleggjar av Gjer
Gjer blir betre for alle når alle er med.
I dag har kvar institusjon og kvart kompani sitt eige system, og alt som skal mellom dei, må sendast. Gjer er bygd for å jobbe på tvers, men ingen får det til åleine. Feltet blir ikkje betre av at nokon andre fiksar det. Alle må vere med og dra lasset, og då blir verktøyet sterkare for kvar ny brukar. Det er difor Gjer er verdt å satse på.
Vi er ein liten bransje. Men ein viktig ein. La oss gjere det saman.
Tid til scenaPengane og politikken
Pengane og politikken
Alle andre fekk nye verktøy. Scenekunsten fekk e-post, Excel-ark og PDF-ar.
Dei siste åra har verda vore gjennom ei enorm digital utvikling, og nesten alle bransjar har fått verktøy laga for nettopp sitt arbeid. Scenekunstfeltet har sett lite av det. Til no.
Og kvar haust kjem den same uroa. Statsbudsjett, fylkesbudsjett, søknadsfristar. Institusjonar som kjempar med økonomien. Kulturfond som blir kutta før dei har kome skikkeleg i gang. Kompani som mistar støtta dei har bygd drifta si på. Mange stader handlar det ikkje lenger om å vekse, men om å halde liv i det vi har.
Når kvar krone må forsvarast, har vi ikkje råd til å bruke timane våre på å halde planar i synk for hand. Vi kan ikkje bestemme kor mykje feltet får. Men vi kan bestemme kva vi brukar det på.
Det er på tide å gjere meir av det vi kan. Og mindre av resten.
Heile Gjer. Uansett storleik.
Alle funksjonane er med i begge planane. Skilnaden er kor mange plassar som er inkludert, og om de vil ha nokon å ringje til.
For frie kompani, kunstnarar og produksjonar.
- 3 plassar inkludert
- 29 kr per ekstra plass
- Laga for å styrast sjølv, med hjelp når du treng det
For institusjonar som planlegg heile verksemda, frå scenekunsthus til kulturskular.
- 20 plassar inkludert
- 39 kr per ekstra plass
- Nokon å ringje til: prioritert støtte og oppstartshjelp
Du styrer det sjølv.
Gjer er bygd slik at de set opp produksjonar, inviterer folk og styrer tilgangar på eiga hand. Dei fleste kjem nesten aldri til å trenge brukarstøtte, og då betaler de heller ikkje for det.
Men ein institusjon treng nokon å ringje.
Med fast drift, mange avdelingar og premiere fredag må det vere nokon i andre enden om noko skulle skjere seg. For institusjonar er det bygd inn i prisen, saman med hjelp til oppstarten.
1. november.
Gjer.
Få beskjed når Gjer opnar, og prøv heile verktøyet gratis i 14 dagar.



